SpelLyd Kommando

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


SpelLyd[ <Fil> ]
Speler ei MIDI-fil (*.mid) eller ei tekstfil (* .txt) som inneheld ein JFugue musikk streng.
"Fil" gjev bana til mappa fila ligg i
Døme: SpelLyd["c:/mappe/miFil.mid"].
SpelLyd[ <Boolsk Spel> ]
Pausar eller tek opp at avspelinga.
Døme:
  • SpelLyd[true] tek opp at avspelinga.
  • SpelLyd[false] pausar avspelinga.
SpelLyd[ <Notesekvens>, <Instrument> ]
Speler av ein MIDI-notesekvens ved bruk av ein JFugue musikk streng.
Notesekvens er ein tekststreng som bruker JFugue teiknkommandoar.
Instrument er det MIDI instrumentet som vert brukt når notesekvenser vert avspilt.
Dei grunnleggjande kommandoane er gjeve under. Ei full beskriving av alle kommandoar finn du her: The Complete Guide to JFugue (engelsk lenke).
Grunnleggjande JFugue Kommandoar
Teikn Kommando
A-G Speler noten gjeve av bokstaven i oktav 5
For kryss eller b for legg til # eller b
For å endre oktav legg til oktavnummer, til dømes A4
Notelengden er fjerdelsnotar med mindre noko anna vert spesifisert
[tal] Speler MIDI-noten gjeve av talet (0-127)
+ Speler av notar samtidig i ein harmoni, til dømes C+E+G
R Pause
w, h, q, i, s Legg til etter ein note eller pause for å setje lengda
w = heilnote
h = halvnote
q = fjerdedelsnote
i = åttandedelsnote
s = sekstandedelsnote
/n Legg til etter ein note eller paue for å setje lengda til n (eit desimaltal)
/1 = heilnote
/.5 = halvnote
/.25 = fjerdedelsnote
/2 = to takter
I[tal] Veljer instrument
V V etterfulgt av eit tal frå 0 til 15 set MIDI kanalen. "V9" set MIDI slagverkskanalen.
Space Speler den forrige noten, kombinasjonen av notar eller pause.


Døme:
SpelLyd["C+E+G Rw Ai Bi Ci A4i B4i C4i ", 0]
Speler ein fjerdedelsnote akkord CEG; pause av lengde som ein heilnote; speler åttandedelsnotane A, B, C; speler dem igjen i ein oktav lågare. Instrumentet som vert brukt er piano.
Døme:
SpelLyd["I[56] C5q D5q I[71] G5q F5q", 0]
Speler notar med ulike instrument. Trompet = 56 og Klarinett = 71.
Døme:
SpelLyd["V0 A3q B3q C3q B3q V1 A2h C2h", 0]
Speler noter i harmoni med ulike stemmer.
SpelLyd[ <Note>, <Lengde>, <Instrument> ]
Speler av ein MIDI-note.
Note er eit heiltal frå 0 til 127 som representerer noten (sjå tabellen under).
Lengde er lengra på noten i sekund.
Instrument er eit heiltal som avgjer kva for eit instrument som vert brukt. Sjå tekniske spesifikasjonar (engelsk lenke) for moglege instrument.
Dei fleste instrument er støtta, men det kan vere forskjellar mellom ulike plattformar.
MIDI-notar
Oktav C C# D D# E F F# G G# A A# B
0 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11
1 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23
2 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35
3 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47
4 48 49 50 51 51 53 54 55 56 57 58 59
5 60 61 62 63 64 65 66 67 68 69 70 71
6 72 73 74 75 76 77 78 79 80 81 82 83
7 84 85 86 87 88 89 90 91 92 93 94 95
8 96 97 98 99 100 101 102 103 104 105 106 107
9 108 109 110 111 112 113 114 115 116 117 118 119
10 120 121 122 123 124 125 126 127
SpelLyd[ <Funksjon>, <Tal a>, <Tal b> ]
Speler ein lyd generert av funksjonen (ein funksjon av tida med verdimengde [-1, 1]). Tidseininga er sekund og lyden vert spilt frå minimumsverdien a til maksimumsverdien b. Lyden vert generert med ei oppløsning på 8-bit med ein samplingsfrekvens på 8000 samples per sekund.
Døme: PlaySound[sin(440 2Pi x), 0, 1]
Speler tonen til ei rein sinusbølge med frekvens 440 Hz (tonen A) i eit sekund.
SpelLyd[ <Funksjon>, <Tal a>, <Tal b>, <Samplingsfrekvens>, <Tal på bits> ]
Speler ein lyd generert av funksjonen (ein funksjon av tida med verdimengde [-1, 1]). Tidseininga er sekund og lyden vert spilt frå minimumsverdien a til maksimumsverdien b. Samplingsmetoden vert spesifisert ved talet på bit og samplingsfrekvensen.
"Samplingsfrekvens" er talet på funksjonsverdiar som vert tatt kvart sekund. Lovlege verdiar er 8000, 11025, 16000, 22050 og 44100
"Tal på bits" er datastorleiken på ein sample i bits. Lovlege verdiar er 8 og 16.
© 2021 International GeoGebra Institute