VelVerdi Kommando
Frå GeoGebra Manual
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.
VelVerdi
Denne artikkelen handlar om ein GeoGebra-kommando.Kommandotypar (Alle kommandoar)
- VelVerdi[ <Boolsk>, <0|1> ]
- Sett verdien til ein boolsk verdi eller ein avkryssingsboks til true dersom andre argument er 1, og til false dersom andre argument er 0.
- Døme: Dersom b er ein boolsk verdi vil
Velverdi[b, 1]
sette b til true. - VelVerdi[ <Objekt A>, <Objekt B> ]
- Dersom A er eit fritt objekt eller eit punkt begrensa til ei sti eller ein region vil verdien til A verte sett lik verdien til den noverande verdien til B; det vil seie at A ikkje vil endre verdi dersom verdien til B vert endra seinare.
Døme: La f vere ein funksjon,
VelVerdi[f, TilfeldigElement[{cos(x), 3x+2, ln(x)}]]
definerer, tilfeldig, f til å vere ein av funksjonane i lista.- VelVerdi[ <Liste L>, <Tal n>, <Objekt B> ]
- Sett verdien til element nummer n i L til den noverande verdien til B.
Merk:
- Sjå også sida Endre verdiar.
- Du kan også endre verdien til eit objekt under fana Basis i dialogboks for eigenskapar eller i dialogboks for omdefinering.