SumOver Kommando
Frå GeoGebra Manual
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.
SumOver
Denne artikkelen handlar om ein GeoGebra-kommando.Kommandotypar (Alle kommandoar)
- SumOver[ <Funksjon f>, <Tal a>, <Tal b>, <Tal på rektangel n> ]
- Kommandoen gjev ei tilnærming til arealet under grafen til funksjonen. Intervallet [a, b] vert delt opp i n delintervall med breidde (a - b)/n. I kvart delintervall vert det teikna eit rektangel med breidde lik intervallbreidda og høgde bestemt av den største funksjonsverdien til f i delintervallet. Kommandoen finn summen av areala til alle rektangla.
- Døme:
- Definer funksjonen f(x)=x^2+3x+4 og skriv inn
SumOver[f, -2, 2, 2, 0.6]
. Intervallet [-2, 2] vert då delt opp i to delintevall [-2, 0] og [0, 2] der det vert teikna rektangel med breidde lik 2. - Høgda til det første rektangelet er f(0)=0^2+3\cdot 0+4=4.
- Høgda til det andre rektangelet er f(2)=2^2+3\cdot 2+4=14.
- Arealet som vert returnert er: 2(4+14)=36.
- Det eksakte svaret gjeve av
Integral[f, -2, 2]]
er 21.33 (evt. \frac{64}{3} i CAS-delen).
- Definer funksjonen f(x)=x^2+3x+4 og skriv inn
Merk: Sjå også kommandoane RektangelSum, VenstreSum og SumUnder.