Koeffisientar Kommando
Frå GeoGebra Manual
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.
Koeffisientar
Denne artikkelen handlar om ein GeoGebra-kommando.Kommandotypar (Alle kommandoar)
- Koeffisientar[ <Polynom> ]
- Gjev ei liste med alle koeffisientane til polynomet. Lengda på lista er n + 1 der n er graden til polynomet. Elementa vert sortert slik at koeffisienten som høyrer til den høgaste eksponenten kjem først.
- Døme:
Koeffisientar[x^3 + 2 x - 3 x^2]
gjev {1, -3, 2, 0}. - Koeffisientar[ <Kjeglesnitt> ]
- For kjeglesnitt på standardform a\cdot x^2 + b\cdot y^2 + c + d\cdot x\cdot y + e\cdot x + f\cdot y = 0 vil lista \{a, b, c, d, e, f\} verte returnert.
- Hint: For ei linje på implisitt form l: ax + by + c = 0 er det mogleg å finne koeffisientane ved syntaksen x(l), y(l), z(l).
- Døme:
l: 3x + 2y - 2 = 0
:x(l)
gjev 3,y(l)
gjev 2 ogz(l)
gjev -2.
CAS-delen
- Koeffisientar[ <Polynom> ]
- Gjev ei liste med alle koeffisientane til hovudvariabelen i polynomet. Lengda på lista er n + 1 der n er graden til polynomet. Elementa vert sortert slik at koeffisienten som høyrer til den høgaste eksponenten kjem først.
- Koeffisientar[ <Polynom>, <Variabel> ]
- Gjev ei liste med alle koeffisientane til polynomet for den gjevne variabelen.
- Døme:
Koeffisientar[a^3 - 3 a^2 + 3 a, a]
gjev {1, -3, 3, 0}Koeffisientar[a^3 - 3 a^2 + 3 a, x]
gjev \{a^3 - 3 a^2 + 3 a\}