IntegralMellom Kommando
Frå GeoGebra Manual
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.
IntegralMellom
Denne artikkelen handlar om ein GeoGebra-kommando.Kommandotypar (Alle kommandoar)
- IntegralMellom[ <Funksjon f>, <Funksjon g>, <Startverdi a>, <Sluttverdi b> ]
- Finn det bestemte integralet av differansen f(x) ‐ g(x) over intervallet [a, b] med omsyn på hovedvariabelen.
- Merk: Kommandoen vil også skravere arealet mellom grafane til funksjonane f og g.
- IntegralMellom[ <Funksjon f>, <Funksjon g>, <Startverdi a>, <Sluttverdi b>, <Boolsk evaluer> ]
- Skraverar området mellom funksjonane f og g i intervallet [a, b].
- Dersom Boolsk evaluer = true vert også det bestemte integralet i intervallet utrekna.
- Dersom Boolsk evaluer = false vert ikkje det bestemte integralet utrekna.
Merk: Sjå også kommandoen Integral.
CAS-delen
- IntegralMellom[ <Funksjon f>, <Funksjon g>, <Startverdi a>, <Sluttverdi b> ]
- Finn det bestemte integralet av differansen f(x) ‐ g(x) over intervallet [a, b] med omsyn på hovedvariabelen.
- Døme:
IntegralMellom[sin(x), cos(x), π / 4, π * 5 / 4]
gjev 2 \sqrt{2}. - IntegralMellom[ <Funksjon f>, <Funksjon g>, <Variabel>, <Startverdi a>, <Sluttverdi b> ]
- Finn det bestemte integralet av differansen f(x) ‐ g(x) over intervallet [a, b] med omsyn på den gjevne variabelen.
- Døme:
IntegralMellom[a * sin(t), a * cos(t), t, π / 4, π * 5 / 4]
gjev 2 \sqrt{2} a.