FordelingF Kommando
Frå GeoGebra Manual
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.
FordelingF
Denne artikkelen handlar om ein GeoGebra-kommando.Kommandotypar (Alle kommandoar)
Denne sida har ikkje vorte korrekturlest enno. |
- FordelingF[ <Fridomsgrader i teljar n>, <Fridomsgrader i nemnar d>, x ]
- Lagar sannsynstettleiksfunksjonen til F-fordelinga med parametrar n, d.
- FordelingF[ <Fridomsgrader i teljar n>, <Fridomsgrader i namnar d>, <Variabelverdi v> ]
- Finn verdien av den kumulative fordelingsfunksjonen til F-fordelinga ved v. Det vil seie sannsynet P(X≤v) der X er ein F-fordelt stokastisk variabel med parametrar n, d.
- FordelingF[ <Fridomsgrader i teljar n>, <Fridomsgrader i nemnar d>, x, <Boolsk Kumulativ> ]
- La X vere ein F-fordelt stokastisk variabel med parametrar n, d.
- Dersom kumulativ = false vert sannsynstettleiksfunksjonen til X returnert
- Dersom kumulativ = true vert den kumulative fordelingsfunksjonen til X returnert
Merk:
- Sjå også verktøyet Sannsynskalkulator.
- Sjå også kommandoen InversFFordeling.
- Sjå også kommandoane for dei andre kontinuerlege sannsynsfordelingane Erlang, Fordeling Cauchy, FordelingGamma, FordelingNormal, FordelingT, FordelingWeibull, KjiKvadrat, LogNormal, Logistisk, Trekantfordeling, Uniform og Zipf.
- Sjå også kommandoane for dei diskrete sannsynsfordelingane FordelingBernoulli, FordelingBinomial, FordelingHypergeometrisk, FordelingPascal og FordelingPoisson.
CAS-delen
- FordelingF[ <Fridomsgrader i teljar n>, <Fridomsgrader i namnar d>, <Variabelverdi v> ]
- Finn verdien av den kumulative fordelingsfunksjonen til F-fordelinga ved v. Det vil seie sannsynet P(X≤v) der X er ein F-fordelt stokastisk variabel med parametrar n, d.