FordelingCauchy Kommando
Frå GeoGebra Manual
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.
FordelingCauchy
Denne artikkelen handlar om ein GeoGebra-kommando.Kommandotypar (Alle kommandoar)
- FordelingCauchy[ <Median m>, <Skala s>, x ]
- Lagar sannsynstettleiksfunksjonen til Cauchyfordelinga med parametrar m, s.
- FordelingCauchy[ <Median m>, <Skala s>, <Variabelverdi v> ]
- Finn verdien av den kumulative fordelingsfunksjonen til Cauchyfordelinga ved v. Det vil seie sannsynet P(X≤v) der X er ein Cauchyfordelt stokastisk variabel med parametrar m, s.
- FordelingCauchy[ <Median m>, <Skala s>, x, <Boolsk kumulativ> ]
- La X vere ein Cauchyfordelt stokastisk variabel med parametrar m, s.
- Dersom kumulativ = false vert sannsynstettleiksfunksjonen til X returnert.
- Dersom kumulativ = true vert den kumulative fordelingsfunksjonen til X returnert.
Merk:
- Sjå også verktøyet Sannsynskalkulator.
- Sjå også kommandoen InversCauchy.
- Sjå også kommandoane for dei andre kontinuerlege sannsynsfordelingane Erlang, FordelingF, FordelingGamma, FordelingNormal, FordelingT, FordelingWeibull, KjiKvadrat, LogNormal, Logistisk, Trekantfordeling og Uniform.
- Sjå også kommandoane for dei diskrete sannsynsfordelingane FordelingBernoulli, FordelingBinomial, FordelingHypergeometrisk, FordelingPascal, FordelingPoisson og Zipf.
CAS-delen
- FordelingCauchy[ <Median m>, <Skala s>, <Variabelverdi v> ]
- Finn verdien av den kumulative fordelingsfunksjonen til Cauchyfordelinga ved v. Det vil seie sannsynet P(X≤v) der X er ein Cauchyfordelt stokastisk variabel med parametrar m, s.
- Døme:
FordelingCauchy[1, 2, 3]
gjev \frac{3}{4}.