Element Kommando
Frå GeoGebra Manual
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.
Element
Denne artikkelen handlar om ein GeoGebra-kommando.Kommandotypar (Alle kommandoar)
- Element[ <Liste>, <Tal n> ]
- Gjev element n i lista.
- Døme:
Element[{1, 3, 2}, 2]
gjev 3, som er det andre elementet i {1, 3, 2}. - Element[ <Matrise>, <Rad>, <Kolonne> ]
- Gjev elementet i matrisa frå den gjevne rada og kolonna.
- Døme:
Element[{{1, 3, 2}, {0, 3, -2}}, 2, 3]
gjev -2, som er elementet i andre rad og tredje kolonne i \begin{pmatrix}1&3&2\\0&3&-2\end{pmatrix}. - Element[ <Liste>, <Indeks1>, <Indeks2>, ... ]
- Gjeven at lista er n-dimensjonal så kan ein gje opp til n indeksar for å få elementet (eller lista av element) for dei gjevne koordinatane.
- Døme:La L={{{1, 2}, {3, 4}}, {{5, 6}, {7, 8}}}. Då vil
Element[L, 1, 2, 1]
gje 3 ogElement[L, 2, 2]
gje {7, 8}.
Merk: For at denne kommandoen skal fungere må lista eller matrisa innehalde berre ein type element (til dømes berre tal eller berre punkt).
CAS-delen
- Element[ <Liste>, <Tal n> ]
- Gjev element n i lista. Kommandoen kan også verte brukt når lista inneheld udefinerte element.
- Døme:
Element[{a, b, c}, 2]
gjev b, som er det andre elementet i {a, b, c}. - Element[ <Matrise>, <Rad>, <Kolonne> ]
- Gjev elementet i matrisa frå den gjevne rada og kolonna. Kommandoen kan også verte brukt når lista inneheld udefinerte element.
- Døme:
Element[{{a, b, c}, {d, e, f}}, 2, 3]
gjev f, som er elementet i andre rad og tredje kolonne i \begin{pmatrix}a&b&c\\d&e&f\end{pmatrix}.
Merk: Sjå også kommandoane Første, Siste og TilfeldigElement.