Sorter Kommando

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Sorter[ <Liste> ]
Sorterer elementa i lista.
Merk:
Elementa kan vere tal, tekst objekt eller punkt.
  • Tal vert sortert i stigande rekkefølgje.
  • Tekst vert sortert alfabetisk.
  • Punkt vert sortert i stigande rekkefølgje etter verdien på x-koordinaten.
Døme:
  • Sorter[{3, 2, 1}] gjev lista {1, 2, 3}.
  • Sorter[{"rips", "blåbær", "jordbær"}] gjev lista {"blåbær", "jordbær", "rips"}
  • Sorter[{(3, 2), (2, 5), (4, 1)}] gjev lista {(2, 5), (3, 2), (4, 1)}.
Sorter[ <Liste med verdiar>, <Sorter etter> ]
Sorterer lista med verdiar basert på list med sorteringskriterie.
Døme:
  • Dersom du skal sortere ei liste med polynom L1 = {x^3, x^2, x^6} med omsyn på grad, så lagar du den avhengige lista L2 = Zip[Grad[a], a, L1]. etter det brukar du kommandoen Sorter[L1, L2] som gjev resultatet {x^2, x^3, x^6}.
  • Dersom du vil teikne ein mangekant som har hjørner lik dei komplekse røtene til x^{10}-1, sortert med omsyn på argumentet, lagar du lista L1 = {ComplexRoot[x^10-1]}, og bruker kommandoen Mangekant[Sorter[L1, arg(L1)]].
Merk: På opplæringssidene finnes det ein artikkel om avansert liste sortering i GeoGebra: en:Tutorial:Advanced List Sorting (på engelsk).
© 2024 International GeoGebra Institute