FordelingBinomial Kommando
Frå GeoGebra Manual
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.
FordelingBinomial
Denne artikkelen handlar om ein GeoGebra-kommando.Kommandotypar (Alle kommandoar)
Denne sida har ikkje vorte korrekturlest enno. |
- FordelingBinomial[ <Tal på forsøk>, <Sannsyn for treff> ]
- Returner ein søylegraf for binomialfordelinga.
- Parametrar:
- Tal på forsøk: talet på uavhengige Bernoulli forsøk
- Sannsyn for treff: sannsynet for treff i eit forsøk
- FordelingBinomial[ <Tal på forsøk>, <Sannsyn for treff>, <Boolsk kumulativ> ]
- Dersom kumulativ = false vert det returnert ein søylegraf for binomialfordelinga.
- Dersom kumulativ = true vert det returnert ein søylegraf for den kumulative binomialfordelinga.
- FordelingBinomial[ <Tal på forsøk>, <Sannsyn for treff>, <Tal på treff v>, <Boolsk kumulativ> ]
- La X vere ein binomialfordelt stokastisk variabel.
- Dersom kumulativ = false vert P(X = v) returnert.
- Dersom kumulativ = true vert P(X ≤ v) returnert.
Merk: Sjå også kommandoane InversBinomial og TilfeldigBinomial.
CAS-delen
- FordelingBinomial[ <Tal på treff>, <Sannsyn for treff>, <Variabelverdi v>, <Boolsk kumulativ> ]
- La X vere ein binomialfordelt stokastisk variabel.
- Dersom kumulativ = false vert P(X = v) returnert.
- Dersom kumulativ = true vert P(X ≤ v) returnert.
- Døme:Anta at tre datapakker vert overført over ei dårleg linje. Sannsynet for at ei tilfeldig pakke som vert overført over denne linja vert øydelagt er \frac{1}{10}, slik at sannsynet for at ei tilfeldig pakke vert overført uten problem er \frac{9}{10}.
FordelingBinomial[3, 0.9, 0, false]
gjev \frac{1}{1000}, som er sannsynet for at ingen av dei tre pakkene vert overført korrekt.FordelingBinomial[3, 0.9, 1, false]
gjev \frac{27}{1000}, som er sannsynet for at akkurat ei av dei tre pakkene vert overført korrekt.FordelingBinomial[3, 0.9, 2, false]
gjev \frac{243}{1000}, som er sannsynet for at akkurat to av dei tre pakkene vert overført korrekt.FordelingBinomial[3, 0.9, 3, false]
gjev \frac{729}{1000}, som er sannsynet for at alle dei tre pakkene vert overført korrekt.FordelingBinomial[3, 0.9, 0, true]
gjev \frac{1}{1000}, som er sannsynet for at ingen av dei tre pakkene vert overført korrekt.FordelingBinomial[3, 0.9, 1, true]
gjev \frac{7}{250}, som er sannsynet for at maksimalt ei av dei tre pakkene vert overført korrekt.FordelingBinomial[3, 0.9, 2, true]
gjev \frac{271}{1000}, som er sannsynet for at maksimalt to av dei tre pakkene vert overført korrekt.FordelingBinomial[3, 0.9, 3, true]
gjev 1, som er sannsynet for at maks tre av dei tre pakkene vert overført korrekt.FordelingBinomial[3, 0.9, 4, false]
gjev 0, som er sannsynet for at akkurat fire av dei tre pakkene vert overført korrekt.FordelingBinomial[3, 0.9, 4, true]
gjev 1, som er sannsynet for at maksimalt fire av dei tre pakkene vert overført korrekt.