Vis-meny

Frå GeoGebra Manual
Versjonen frå 11. april 2013 kl. 11:37 av Arve (diskusjon | bidrag) (ikon)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


View-algebra24.png Algebrafelt

Tastatursnarvegar: Ctrl + Shift + A (MacOS: Cmd + Shift + A)
Dette menypunktet let deg vise eller skjule algebrafeltet.

View-spreadsheet24.png Rekneark

Tastatursnarvegar: Ctrl + Shift + S (MacOS: Cmd + Shift + S)
Dette menypunktet let deg vise eller skjule reknearket.

View-cas24.png CAS

Tastatursnarvegar: Ctrl + Shift + D (MacOS: Cmd + Shift + D)
Dette menypunktet let deg vise eller skjule CAS-delen.

View-graphics24.png Grafikkfelt 1

Tastatursnarvegar: Ctrl + Shift + 1 (MacOS: Cmd + Shift + 1)
Dette menypunktet let deg vise eller skjule det første grafikkfeltet.

View-graphics224.png Grafikkfelt 2

Tastatursnarvegar: Ctrl + Shift + 2 (MacOS: Cmd + Shift + 2)
Dette menypunktet let deg vise eller skjule det andre grafikkfeltet.

View-constructionprotocol24.png Konstruksjonsforklaring

Tastatursnarvegar: Ctrl + Shift + L (MacOS: Cmd + Shift + L)
Dette menypunktet opnar konstruksjonsforklaringa.

Keyboard.png Tastatur

Dette menypunktet let deg vise eller skjule det [Virtuelt tastatur|virtuelle tastaturet]] som du kan bruke med musa. Det inneheld det vanlege tastaturet samt dei mest brukte matematiske symbola og operatorane.

Inntastingsfelt

Dette menypunktet let deg vise eller skjule inntastingsfeltet og kommandolista i botn av GeoGebra-vindauget.

Menu Properties Gear.png Utforming...

Dette menypunktet opnar ein dialogboks som let deg vise eller skjule inntastingsfeltet, verktøylinja, overskriftslinja, stilmenyen og sidemenyen samt velje plassering for inntastingsfelt, verktøylinje og sidemeny.

Menu Refresh.png Forny og fjern ev. spor

Tastatursnarvegar: Ctrl + F (MacOS: Cmd + F)
Dette menypunktet teiknar opp igjen alle objekt og konstruksjonar og fjerner eventuelle spor.

Oppdater alt

Tastatursnarvegar: F9
Dette menypunktet oppdaterer alle objekt i GeoGebra-fila.
Merk: Du kan bruke dette menypunktet til å generere nye tilfeldige tal dersom du har brukt det i fila di.


© 2024 International GeoGebra Institute