Vinkel Kommando

Frå GeoGebra Manual
Versjonen frå 2. september 2014 kl. 10:27 av Arve (diskusjon | bidrag) (fjernet unchecked)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Vinkel[ <Vektor u>, <Vektor v> ]
Gjev vinkelen mellom vektorane u og v.
Vinkel[ <Linje l>, <Linje m> ]
Gjev vinkelen mellom retningsvektorane til linjene l og m.
Vinkel[ <Punkt A>, <Toppunkt B>, <Punkt C> ]
Gjev vinkelen mellom dei to vektorane BA og BC, der punktet B er toppunktet til vinkelen.
Vinkel[ <Punkt A>, <Toppunkt B>, <Vinkel α> ]
Gjev vinkelen med storleik α teikna frå punktet A med B som toppunkt
Merk: Punktet Roter[A, α, B] vert også teikna.
Vinkel[ <Kjeglesnitt> ]
Gjev vinkelen mellom hovudaksen til kjeglesnittet og x-aksen.
Merk: Sjå kommandoen Aksar.
Vinkel[ <Vektor> ]
Gjev vinkelen mellom x-aksen og den gjevne vektoren.
Vinkel[ <Punkt> ]
Gjev vinkelen mellom x-aksen og posisjonsvektoren til punktet.
Vinkel[ <Tall>]
Gjer talet om til ein vinkel.
Merk: Dette er det same som å konvertere radianar til gradar (avgrensa til [0°, 360°]). I intervallet [0, 2π] er det det same som å gange med \frac{360}{2π}.
Vinkel[Mangekant]
Gjev alle vinklane i ein mangekant i posititiv dreieretning (mot klokka).
Merk: Dersom mangekanten vart laga mot klokka, vil dei indre vinklane verte gjevne. Dersom mangekanten vart laga med klokka vil dei ytre vinklane verte gjevne.
Merk: Sjå også verktøya Tool Angle.gif Vinkel og Tool Angle Fixed.gif Vinkel med fast storleik.
© 2024 International GeoGebra Institute