Vilkår for visning

Frå GeoGebra Manual
Versjonen frå 2. september 2014 kl. 09:27 av Arve (diskusjon | bidrag) (fjernet unchecked)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


I tillegg til å berre vise eller skjule eit objekt kan du også setje vilkår som avgjer om objektet er synleg eller ikkje. Til dømes kan du setje eit objekt til å vere synleg dersom ein avkryssingsboks eller glidar i grafikkfeltet har ein bestemt verdi.

Vilkår for visning av eksisterande objekt

Du kan bruke verktøyet Tool Check Box to Show Hide Objects.gif Avkryssingsboks for å vise og skjule objekt for å lage ein avkryssingsboks som kontrollerer synlegheiten av eit eller fleire eksisterande objekt.

Alternativt kan du lage ein boolsk variabel (t.d. b = true) ved å bruke inntastingsfeltet og gjere det til ein synleg avkryssingsboks i grafikkfeltet ved å endre synlegheitsstatusen (t.d. ved å bruke verktøyet Tool Show Hide Object.gif Vis eller skjul objekt eller kontekstmenyen). For å bruke denne boolske variabelen som eit vilkår for synlegheit for spesifikke objekt må du følgje stega i forklaringa under.

Endre synlegheit på nyleg laga objekt

I eigenskapar kan du skrive inn vilkår for visning av eit objekt under fana Avansert.

Merk: Du kan bruke logiske operatorar (t.d. ≠, ≥, ˄, ‖) frå nedtrekksmenyen for å setje vilkår.
Døme:
  • Dersom a er ein glidar, så vil vilkåret a < 2 tyde at objektet i grafikkfeltet er synleg når glidaren har ein verdi lågare enn 2.
  • Dersom b er ein boolsk variabel kan du bruke b som eit vilkår. Objektet er synleg når b er true og skjult når b er false.
  • Dersom g og h er to linjer og du at ein tekst skal vere synleg når dei er paralelle kan du bruke g∥h som vilkår for teksten.
Merk: Sjå også kommandoen VelVisingIGrafikkfelt.
© 2021 International GeoGebra Institute