Verktøytips
Frå GeoGebra Manual
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.
Verktøytips er tekstar som vert vist ved sida av musepekaren når du held han over eit objekt i grafikkfeltet. Under fana Avansert i eigenskapar kan du velje dei følgjande modusane for verktøytips:
- Automatisk
- Verktøytips vert vist dersom algebrafeltet er aktivt. Tipset inneheld type objekt og namn. Ved avhengige objekt viser verktøytipset også ei objektbeskriving.
- På
- Verktøytips vert vist uavhengig av om algebrafeltet er aktivt eller ikkje. Innhaldet er det same som for Automatisk.
- Av
- Verktøytips vert ikkje vist.
- Objekttekst
- Objektteksten til eit objekt vert brukt som verktøytips. Du kan setje objektteksten under fana Basis i eigenskapar.
- Neste celle
- Dersom objektet er ei celle i reknearket vil innhaldet i cella til høgre for cella verte brukt som verktøytips.
Under menypunktet Avansert i Innstillingar-menyen kan du velje språk og varigheit på verktøytipsa.