Varians Kommando
Frå GeoGebra Manual
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.
Denne sida har ikkje vorte korrekturlest enno. |
- Varians[ <Liste med tal> ]
- Finn variansen til elementa i lista.
- Døme:
Varians[{1, 2, 3, 4, 5}]
gjev 2. - Varians[ <Liste med tal L>, <Liste med frekvensar D> ]
- Finn variansen til tala i L når talet på kvart element i L er gjeve av det samsvarande elementet i F.
- Døme:
Varians[{1, 2, 3, 4, 5}, {5, 1, 1, 3, 9}]
gjev 2.88.
Merk:
- Jo fleire element det er i lista desto likare vert resultatet med det ein får frå kommandoen VariansUtval. Grunnen til dette er at det einaste som skil dei to statistiske storleikane er at utvalsvariansen har N - 1 i nemnaren, medan variansen har N, der N er antall element i lista.
- Sjå også kommandoane Gjennomsnitt, Standardavvik og VariansUtval.
CAS-delen
- Varians[ <Liste med tal> ]
- Finn variansen til elementa i lista. Kommandoen gjev det eksakte svaret og dersom lista inneheld udefinerte variablar vert det gjeve ein formel for svaret.
- Døme:
Varians[{2, 3, 5, a}]
gjev \frac{3a^2-20a+52}{16}.