VariansUtval Kommando

Frå GeoGebra Manual
Versjonen frå 2. september 2014 kl. 10:19 av Arve (diskusjon | bidrag) (fjernet unchecked)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


VariansUtval[ <Liste med tal> ]
Finn utvalsvariansen (også kalt den empiriske variansen) til den gjevne lista med tal.
Døme: VariansUtval[{1, 2, 3, 4, 5}] gjev 2.5.
VariansUtval[ <Liste med tal L>, <Liste med frekvensar F> ]
Finn utvalsvariansen til tala i L når talet på kvart element i L er gjeve av det samsvarande elementet i F.
Døme: VariansUtval[{1, 2, 3, 4, 5}, {5, 1, 1, 3, 9}] gjev 3.04.
Merk:
  • Jo fleire element det er i lista desto likare vert resultatet med det ein får frå kommandoen Varians. Grunnen til dette er at det einaste som skil dei to statistiske storleikane er at utvalsvariansen har N - 1 i nemnaren, medan variansen har N, der N er antall element i lista.
  • Sjå også kommandoane UtvalStandardavvik og Varians.

CAS-delen

VariansUtval[ <Liste med tal> ]

Finn utvalsvariansen (også kalt den empiriske variansen) til den gjevne lista med tal. Kommandoen gjev det eksakte svaret og dersom lista inneheld udefinerte variablar vert det gjeve ein formel for svaret.

Døme: Varians[{2, 3, 5, a}] gjev \frac{3a^2-20a+52}{12}.
© 2024 International GeoGebra Institute