Ulikskapar

Frå GeoGebra Manual
Versjonen frå 2. september 2014 kl. 10:16 av Arve (diskusjon | bidrag) (fjernet unchecked)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


GeoGebra støttar bruk av ulikskapar med ein eller to variablar. Det er ingen grenser for ulikskapar til å verte vist i algebrafeltet, men kun nokre ulikskapar kan verte teikna i grafikkfeltet:

  • polynomulikskapar i ein variabel, t.d. x^3 > x + 1 eller y^2>y,
  • kvadratiske ulikskapar i to variable, t.d. x^2 + y^2 + x*y ≤ 4,
  • ulikskapar som er lineæer i ein variabel, t.d. 2x > sin(y) eller y < sqrt(x).

For ulikskapsteikn kan du bruke <, >, ≤, ≥. Symbola <= og => vert også godteke. Konjunksjon og diskonjunksjon er også støtta for ulikskapar, t.d. kan (x>y)&&(x+y<3) verte teikna.

For å vise løysinga av ein ulikskap som eit eller fleire intervall på x-aksen, vel Vis på x-aksen under fana Stil i dialogboksen for eigenskapar til ulikskapen.

Ulikskapar liknar på funksjonar, du kan sjekke om x og y tilfredsstiller ulikskapen a ved å skrive a(x,y) i inntastingsfeltet. Også når A er eit punkt, er syntaksen a(A) lovleg. Eit punkt kan verte låst til ein region ved å bruke ulikskapar i kommandoen PunktI.

Døme: Dersom b er ein ulikskap i varibalen x vil PunktI[b] gi eit punkt som er låst til den delen av x-aksen som tilfredsstillar b.
© 2024 International GeoGebra Institute