TilfeldigElement Kommando
Frå GeoGebra Manual
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.
TilfeldigElement
Denne artikkelen handlar om ein GeoGebra-kommando.Kommandotypar (Alle kommandoar)
- TilfeldigElement[ <Liste> ]
- Gjev eit tilfeldig element frå lista. Det vert brukt ein uniform sannsynsfordeling slik at kvart element har like stort sannsyn for å verte trukke ut. Alle elementa i lista må vere av same type.
- Døme:
TilfeldigElement[{3, 2, -4, 7}]
gjev eit av tala {-4, 2, 3, 7}.
Merk:
- Du kan bruke Oppdater alt i Vis-menyen (eller trykke F9 eller Ctrl+R) for å få eit nytt tilfeldig element.
- Sjå også kommandoane Element og ByttTilfeldig.
- Sjå også dei andre kommandoane for tilfeldige tal: SetStartverdi, TilfeldigBinomial, TilfeldigMellom, TilfeldigNormalfordeling, TilfeldigPoisson og TilfeldigUniform.
CAS-delen
- TilfeldigElement[ <Liste> ]
- Gjev eit tilfeldig element frå lista. Det vert brukt ein uniform sannsynsfordeling slik at kvart element har like stort sannsyn for å verte trukke ut. Alle elementa i lista må vere av same type.
- Døme:
TilfeldigElement[{3, 2, -4, 7}]
gjev eit av tala {-4, 2, 3, 7}.