Sporing

Frå GeoGebra Manual
Versjonen frå 6. mars 2013 kl. 19:32 av Kstige (diskusjon | bidrag)
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.



Objekt kan setje inn spor i grafikkfeltet når dei vert flytta. Bruk kontekstmenyen for å Trace On.gif Slå på sporing. Dersom du då endrar konstruksjonen slik at objektet med sporing vert flytta vil eit spor vise korleis posisjonen har vorte endra.

Du skrur av sporing ved å avhuke Slå på sporing i kontekstmenyen. Menypunktet Menu Refresh.png Forny og fjern ev. spor (tastatursnarveg: Ctrl + F) iVis-menyen fjernar alle spor.

Merk: Spor er ikkje permanent. Dei forsvinn dersom du til dømes zoomar. Istaden for permanente spor kan du bruke geometriske stadar.

Spor til rekneark

Når reknearket er aktivt er det mogleg å overføre verdiane frå eit spor til celler i reknearket. Dersom du lagar eit punkt i grafikkfeltet, skrur på sporing og overføring til rekneark ved hjelp av kontekstmenyen, kan du når du flyttar punktet få verdiane for posisjonane punktet sveipar over overført til reknearket.

© 2024 International GeoGebra Institute