Omdefinering

Frå GeoGebra Manual
Versjonen frå 14. april 2013 kl. 17:12 av Wallerau (diskusjon | bidrag) (korrekturlest)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Omdefinering av objekt er ein fleksibel måte å endre ein konstruksjon på. Dette kan også endre rekkefølgja på konstruksjonsstega i konstruksjonsforklaringa.

Merk: Det redefinerte objektet kan berre vere avhengig av objekt som er definert tidlegare i konstruksjonsrekkefølgja -- du må kanskje endre rekkefølgja på elementa i konstruksjonsforklaringa.

I GeoGebra kan eit objekt verte omdefinert på fleire måtar:

  • Vel verktøyet Tool Move.gif Flytt og dobbeltklikk på objektet i algebrafeltet.
    • For frie objekt får du eit redigeringsfelt som let deg direkte endre den algebraiske representasjonen til objektet. Trykk Enter for å iverksette endringa.
    • For avhengige objekt vil dialogboksen for omdefinering verte opna.
  • Vel verktøyet Tool Move.gif Flytt og dobbeltklikk på objektet i grafikkfeltet. Det opnar dialogboksen for omdefinering.
    • Endre objektet ved å skrive inn namn og ny definisjon i inntastingsfeltet i dialogboksen.
    • Opne dialogboks for eigenskapar for objektet og endre definisjonen til objektet under fana Basis.
  • Frå GeoGebra 4.2 vil dialogboksen for omdefinering for eit nylaga objekt verte opna dersom du trykkar på ein bokstav på tastaturet.
Merk:
  • Låste objekt kan ikkje verte omdefinert. Objektet må verte låst opp (under fana Basis i eigenskapar for objektet) før det kan verte omdefinert.
  • Du kan også omdefinere eksisterande objekt i inntastingsfeltet. Skriv a:Linjestykke[A, B] for å omdefinere a til eit linjestykke.
Døme: For å plassere eit eksisterande fritt punkt A på ei eksisterande linje h må du først dobbeltklikke på A for å opne dialogboksen for omdefinering, så må du endre definisjonen til Punkt[h] i tekstfeltet og trykke Bruk eller OK. For å gjere punktet fritt igjen kan du omdefinere det til frie koordinatar, til dømes (1, 2).
Døme: For å gjere ei linje gjennom to punkt A og B om til eit linjestykke dobbeltklikkar du på linja og endrar Linje[A, B] til Linjestykke[A, B].
© 2024 International GeoGebra Institute