Linjer og aksar

Frå GeoGebra Manual
Versjonen frå 16. april 2013 kl. 10:00 av Wallerau (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Linjer

Du kan skrive inn ei linje i inntastingsfeltet anten som ei lineær likning i x og y eller på parametrisk form. I begge tilfella kan tidlegare definerte variablar (t.d. tal, punkt og vektorar) verte brukt i likninga.

Merk: Du kan gi linja eit namn ved å skrive inn namnet etterfylgt av eit kolon før du skriv inn likninga.
Døme:
  • Skriv g: 3x + 4y = 2 for å skrive inn ei linje g som ei lineær likning.
  • Skriv g: X = (-5, 5) + t (4, -3) for å skrive inn ei linje g på parametrisk form.
  • Definer parametrane m = 2 og b = -1. Skriv inn likninga h: y = m*x + b for å få ei linje h på form gjeve av stigningstal og skjeringspunkt med y-aksen.

Aksar

Dei to koordinataksane er tilgjengelege som kommandoar ved namna xAkse og yAkse.

Døme: Kommandoen NormalLinje[A, xAxis] konstruerer normallinja på x-aksen gjennom det gjevne punktet A.

Å få parametrane til ei linje

Dersom ei linje står på standardform (l: ax+yb=c) kan du få parametrane a og b ved høvesvis å bruke x(l) og y(l). Skjeringspunktet med y-aksen er gjeve av l(0), medan stignigstalet er gjeve av funksjonen Stigning[l].

© 2024 International GeoGebra Institute