Linjediagram Kommando

Frå GeoGebra Manual
Versjonen frå 16. april 2013 kl. 10:40 av Wallerau (diskusjon | bidrag) (korrekturlest)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Merk: Eit linjediagram er ein linjegraf teikna ved å forbinde alle midtpunkta til toppen av søylene i eit histogram. Bruken av denne kommandoen er difor den same som for kommandoen Histogram.
Linjediagram[ <Liste med klassegrenser>, <Liste med høgder> ]
Lagar eit linjediagram basert på punkt med x-verdi gjeven av klassegrensene og med y-verdi frå dei gjevne høgdene.
Merk: For døme sjå kommandoen Histogram.
Linjediagram[ <Liste med klassegrenser>, <Liste med rådata>, <Boolsk tettleik>, <Tettleiksfaktor> (valfri) ]
Lagar eit linjediagram ved å bruke rådata frå lista. Klassegrensene bestemmer x-koordinaten til punkta og vert brukt til å bestemme talet på dataelement i kvar klasse. Y-verdien til punkta vert bestemt av
  • Dersom Boolsk tettleik = true, høgde = Tettleiksfaktor*Klassefrekvens/Klassebreidde
  • Dersom Boolsk tettleik = false, høgde = Klassefrekvens
Som standard har vi Bruk Tettleik=true og Tettleiksfaktor=1.
Linjediagram[ <Boolsk kumulativ>, <Liste med klassegrenser>, <Liste med rådata>, <Boolsk tettleik>, <Tettleiksfaktor> (valfri) ]
Dersom Boolsk kumulativ er true lagar denne kommandoen eit linjediagram der y-koordinaten til kvart punkt er lik klassefrekvensen pluss summen av alle tidlegare frekvensar.
© 2024 International GeoGebra Institute