Løys Kommando

Frå GeoGebra Manual
Versjonen frå 3. november 2012 kl. 10:34 av Kstige (diskusjon | bidrag) (Første omsetjing)
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.

Denne kommandoen er tilgjengeleg berre i CAS-delen.


Løys[ <Likning> ]
Løyser likninga for hovedvariabelen og gjev ei liste med alle løysingane.
Døme:
Løys[x^2 = 4x] gjev {x = 4, x = 0}, som er løysingane av x2 = 4x.
Løys[ <Likning>, <Variabel> ]
Løyser likninga for den gjevne variabelen og gjev ei liste med alle løysingane.
Døme:
Løys[x * a^2 = 4a, a] gjev \{a = \frac{4}{x}, a = 0\}, som er løysingane av x a2 = 4a.
Løys[ <List med likningar>, <Liste med variablar> ]
Løyser settet av likningar for dei gjevne ukjente variablane og gjev ei liste med alle løysingane.
Døme:
  • Løys[{x = 4 x + y , y + x = 2}, {x, y}] gjev {{x = -1, y = 3}}, som er den einaste løysinga av x = 4x + y og y + x = 2.
  • Løys[{2a^2 + 5a + 3 = b, a + b = 3}, {a, b}] gjev {{a = 0, b = 3}, {a = -3, b = 6}}.
Merk: Høgre sida kan verte utelatt i kvar av syntaksane over. Dersom høgre sida manglar vert det rekna som 0.
Merk: Sjå også kommandoen Løysingar.
© 2024 International GeoGebra Institute