Kompatibilitet

Frå GeoGebra Manual
Versjonen frå 26. april 2013 kl. 13:10 av Arve (diskusjon | bidrag) (korrekturlest)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.

GeoGebra er bakoverkompatibelt på den måten at alle filer laga i ein gammel versjon skal kunne verte opna feilfritt i noverande versjon. Ein del ting vil imidlertid oppføre seg ulikt i 3.2 og 4.0:

  • lister av vinklar, integral, søylediagram, histogram og liknande er no synlege
  • lister {Linjestykke[A, B], Linjestykke[B, C] } kan no verte flytta
  • sirklar med gjeven radius (t.d. Sirkel[(1, 1), 2]) er flyttbar
  • Avstand[Punkt, Linjestykke] gjev avstanden til linjestykket (gav avstanden til den forlenga linja i 3.2)
  • Vinkel[A, B, C] vil endre storleik dersom B er for nær til A eller C
  • Integral[funksjon f, funksjon g, a, b] heiter no IntegralMellom[funksjon f, funksjon g, a, b].
  • Objekt som er ein translasjon med ein fri vektor er no flyttbare, t.d. Flytt[A, Vektor[(1, 1)]]
  • Punkt på stiar kan oppføre seg ulikt når stia vert endra, t.d. punkt på eit kjeglesnitt

LaTeX likningar

Tekst og likningar laga med LaTeX er no finare, men nokre feil i LaTeX-syntaks som vart ignorert i 3.2 vil gje manglande tekst i 4.0.

  • Sjekk at alle \left\{ har ein samsvarande \right..
  • Matriser treng spesifisering av kolonner (sjølvom den kan vere tom). Bruk $ \begin{array}{} a & b \\ c & d \\ \end{array}$ for venstrestilte kolonner eller $ \begin{array}{rr} a & b \\ c & d \\ \end{array}$ for høgrestilte. Gammel syntaks $ \begin{array} a & b \\ c & d \\ \end{array}$ vil ikkje fungere.
© 2024 International GeoGebra Institute