Kjeglesnitt
Frå GeoGebra Manual
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.
Denne sida har ikkje vorte korrekturlest enno. |
Du kan skrive inn kjeglesnitt som kvadratiske likningar i x og y i inntastingsfeltet. Tidlegare definerte variablar (t.d. tal, punkt og vektorar) kan verte brukt i likninga for kjeglesnittet.
- Merk: Namnet til kjeglesnittet kan du skrive inn etterfulgt av eit kolon før du skriv inn likninga.
Du kan også lage kjeglesnitt ved bruk av kommandoar for kjeglesnitt eller verktøy for kjeglesnitt og sirklar.
Døme
Kjeglesnitt | Inndata |
---|---|
Ellipse ell1 | ell1: 9 x^2 + 16 y^2 = 144 |
Ellipse ell2 | ell2: b^2 x^2 + a^2 y^2 = a^2 b^2, der a og b er definerte på førehand |
Hyperbel hyp | hyp: 9 x^2 – 16 y^2 = 144 |
Parabel par | par: y^2 = 4 x |
Sirkel c1 | c1: x^2 + y^2 = 25 |
Sirkel c2 | c2: (x – 5)^2 + (y + 2)^2 = 25 |