InversNormalfordeling Kommando
Frå GeoGebra Manual
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.
InversNormalfordeling
Denne artikkelen handlar om ein GeoGebra-kommando.Kommandotypar (Alle kommandoar)
- InversNormalfordeling[ <Gjennomsnitt μ>, <Standardavvik σ>, <Sannsyn p> ]
- Gjev talet t slik at P(X≤t) = p, der X er ein normalfordelt stokastisk variabel med parametrar μ og σ.
- Merk:
- Kommandoen finn altså inversen til normalfordelinga sin kumulative fordelingsfunksjon for sannsynet p. Dette tilsvarer å finne Φ-1(p) * σ + μ, der Φ -1 er inversen til den kumulative fordelingsfunksjonen Φ for standard-normalfordelinga N(0,1).
- Sannsynet p må ligge i intervallet [0, 1].
Merk: Sjå også kommandoen FordelingNormal.