Inntastingsfelt

Frå GeoGebra Manual
Versjonen frå 26. mars 2013 kl. 15:33 av Kstige (diskusjon | bidrag) (|)
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Inntastingsfeltet er som standard plassert i botn av GeoGebra-vindauget. Du kan vise eller skjule det i Vis-menyen.

Inntastingsfeltet let deg lage og redefinere matematiske objekt ved bruk av kommandoar eller ved direkte algebraiske representasjona (t.d. verdiar, koordinaar, likningar). Den algebraiske representasjonen vert vist i algebrafeltet. Sjå Geometriske objekt og Generelle objekt for fleire detaljar om objekt og representasjonen av dei.

Merk:
  • Trykk alltid Enter etter du har skreve uttrykket eller kommandoen ferdig i inntastingsfeltet.
  • Dersom du ønskjer å avbryte/fjerne inntastinga, kan du bruke tasten Esc.
  • Til ei kvar tid kan du bytte fokus mellom inntastingsfeltet og grafikkfeltet ved å trykkke Enter. Dette gjer at du kan skrive inn uttrykk og kommandoar i inntastingsfeltet utan å måtte klikke på det med musa først.
Døme:
  • A=(1,1) opprettar eit fritt punkt A med koordinatar (1,1).
  • A=Midtpunkt [(2,0), (4,0)] redefinerer A fra dømet over. A vert eit avgengig punkt.

Vis historia til inntastingsfeltet

Etter å ha plassert markøren i inntastingsfeltet kan du bruke piltastane opp og ned på tastaturet for å navigere gjennom tidlegare kommandoar og uttrykk steg for steg.

Hente namn, verdi eller definisjon til et objekt frå grafikkfelt til inntastingsfeltet

Det kan vere nyttig å bruke grafikkfeltet for å hente namnet, verdien eller definisjonen til eit objekt når ein ikkje ønskjer å skrive det inn manuelt.
  • Dersom du ønskjer å bruke namnet til eit objekt i inntastingsfeltet kan du velje objektet med musa og så trykke F5 på tastaturet. Dette er nyttig når ein ikkje er sikker på kva for namn objektet har.
  • Dersom du ønskjer å bruke verdien (t.d. ei linje med verdi 3x - 5y = 12) til eit objekt i inntastingsfeltet kan du velje objektet du ønskjer verdien av og deretter trykke på F4 på tastaturet.
  • Dersom du ønskjer å bruke definisjonen kan du gjere det på to måtar:
    • Hald inne Alt mens du klikker på objektet.
    • Vel objektet og trykk deretter på F3 på tastaturet.
Merk: Når du hentar namn og verdi vil namnet eller verdien kome der tekstmarkøren var sist, medan når du hentar ein definisjon vil det erstatte uttrykket som allereie var i inntastingsfeltet.
© 2024 International GeoGebra Institute