Histogram Kommando

Frå GeoGebra Manual
Versjonen frå 1. september 2014 kl. 23:23 av Arve (Diskusjon | bidrag) (fjernet unchecked)
(skil) ← Eldre versjon | Versjonen no (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Histogram[ <Liste med klassegrenser G>, <Liste med høgder H> ]
Lagar eit histogram der søylene har høgder gjeven av lista H. Klassegrensene avgjer breidda og posisjonen til kvar søyle i histogrammet.
Døme:
Histogram[{0, 1, 2, 3, 4, 5}, {2, 6, 8, 3, 1}] lagar eit histogram med 5 søyler med høgde 2, 6, 8, 3 og 1. Den første søyla vert plassert i intervallet [0, 1], den andre søyla i intervallet [1, 2] og så vidare.
Histogram[ <Liste med klassegrenser G>, <Liste med rådata D>, <Bruk tettleik>, <Tettleiksfaktor f (valfri)> ]
Lagar eit histogram frå den gjevene lista D. Klassegrensene avgjer breidda og posisjonen til kvar søyle i histogrammet og vert brukt til å avgjere talet på element i kver klasse. Høgda på søylene (talet på element) vert funne slik
  • Dersom Bruk tettleik = false: høgde = Klassefrekvens
  • Dersom Bruk tettleik = true: høgde = Tettleiksfaktor*Klassefrekvens/Klassebreidde
Som standard har vi Bruk tettleik = true og Tettleiksfaktor = 1. Det vil lage eit histogram med totalt areal lik talet på dataverdiar.
Døme: (Standard histogram)
Histogram[{10, 20, 30, 40}, {10, 11, 11, 12, 18, 20, 25, 40}, true] lagar eit histogram med 3 søyler med høgder 0.5 (første søyke), 0.2 (andre søyle), og 0.1 (tredje søyle).
Histogrammet har totalt areal = 0.5*10 + 0.2*10 + 0.1*10 = 8.
Døme: (Tal histogram)
Histogram[{10, 20, 30, 40}, {10, 11, 11, 12, 18, 20, 25, 40}, false] lagar eit histogram med 3 søyler med høgder 5 (første søyle), 2 (andre søyle), og 1 (tredje søyle). Dette histogrammet vil ikkje bruke tettleikskalering og gir søyler med høgde lik talet på verdiar i kvar klasse.
Døme: (Relativ frekvens histogram)
Histogram[{10, 20, 30, 40}, {10, 11, 11, 12, 18, 20, 25, 40}, true, 10/ 8] lagar eit histogram med 3 søyler med høgder 0.625 (første søyle), 0.25 (andre søyle), og 0.125 (tredje søyle). Dette histogrammet vil bruke tettleiksskalering for å gje søyler med høgde lik andelen av verdiar i kvar klasse.
Dersom n er talet på dataverdiar og klassene har konstant breidde w så vil ein Tettleiksfaktor=w/n lage eit relativ frekvens histogram.
Døme: (Normalisert histogram)
Histogram[{10, 20, 30, 40}, {10, 11, 11, 12, 18, 20, 25, 40}, true, 1/8] lagar eit histogram med 3 søyler med høgder 0.0625 (første søyle), 0.025 (andre søyle), og 0.0125 (tredje søyle).
Dette histogrammet har totalt areal = 0.0625*10 + 0.025*10 + 0.0125*10 = 1.
Dersom n er talet på dataverdiar så vil Tettleiksfaktor = 1/n lage eit histogram med totalt areal = 1. Dette er nyttig for å tilpasse histogrammet med ei tettleikskurve.
Histogram[ <Boolsk kumulativ>, <Liste med klassegrenser G>, <Liste med rådata D>, <Bruk tettleik>, <Tettleiksfaktor f> (valfri) ]
Dersom kumulativ = false vil kommandoen gje det same som forrige kommando.
Dersom kumulativ = true vil kommandoen lage eit histogram der kvar søyle har høgde lik klassefrekvensen pluss summen av alle tidlegare frekvensar.
Døme:
Histogram[true, {10, 20, 30, 40}, {10, 11, 11, 12, 18, 20, 25, 40}, true] lagar eit histogram med 3 søyler med høgder 0.5 (første søyle), 0.7 (andre søyle), og 0.8 (tredje søyle).
Merk: Sjå også kommandoen Histogram Høgre.
© 2020 International GeoGebra Institute