Funksjon Kommando

Frå GeoGebra Manual
Versjonen frå 1. september 2014 kl. 23:16 av Arve (diskusjon | bidrag) (fjernet unchecked)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Funksjon[ <Funksjon f>, <Tal a>, <Tal b> ]
Gjev grafen til funksjonen f på intervallet [a, b].
Merk: Denne kommandoen bør berre verte brukt til å avgrense det viste intervallet av funksjonen. For å avgrense domene til funksjonen må ein funksjon med vilkår på domene verte laga med kommandoen Dersom; til dømes
f(x) = Dersom[-1 ≤ x ≤ 1, x^2].
Døme: f(x) = Funksjon[x^2, -1, 1] lagar ein funksjon f(x)=x2 der grafen berre vert vist på intervallet [-1, 1]. Du kan imidlertid finne verdien f(-2)=4, så funksjonen er ikkje avgrensa til [-1, 1].
Merk: Denne kommandoen vil ikkje virke med Verktøy / Lag nytt verktøy. Bruk kommandoen Dersom som over.
Funksjon[ <Liste med tal> ]
Gjev den følgjande funksjonen: Dei to første tala (a og b) avgjer startverdien til x og sluttverdien til x. Dei resterande tala er y-verdiane til funksjonen plassert mellom a og b med lik avstand mellom kvar verdi.
Døme:
  • Funksjon[{2, 4, 0, 1, 0, 1, 0}] gjev ei trekanta bølgje mellom x=2 og x=4.
  • Funksjon[{-3, 3, 0, 1, 2, 3, 4, 5}] gjev ei rett linje med stigningstal lik 1 mellom x=-3 og x=3.
© 2024 International GeoGebra Institute