Frekvenstabell Kommando

Frå GeoGebra Manual
Versjonen frå 6. juli 2014 kl. 18:16 av Arve (diskusjon | bidrag) (ekstra linjerom fjernet)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Frekvenstabell[ <Liste med rådata L> ]
Gjev ein tabell (som tekst) der første kolonne inneheld ei sortert liste med dei unike elementa i L og andre kolonne inneheld talet på førekomstar i L av elementet i første kolonne. Lista L kan innehalde tal eller tekst.
Frekvenstabell[ <Kumulativ>, <Liste med rådata L> ]
Dersom Kumulativ = false, gjev den same tabellen som Frekvenstabell[ <Liste med rådata L> ]
Dersom Kumulativ = true, gjev ein tabell der første kolonne inneheld dei unike elementa i L og andre kolonne inneheld dei kumulative frekvensane av elementa i første kolonne.
Frekvenstabell[ <Liste med klassegrenser>, <Liste med rådata L> ]
Gjev ein tabell (som tekst) der første kolonne inneheld intervalla og andre kolonne inneheld talet på førekomstar i L som høyrer til intervallet i første kolonne. Alle intervalla er på forma [a, b) med unntak av det siste intervallet som er på forma [a, b].
Frekvenstabell[ <Kumulativ>, <Liste med klassegrenser>, <Liste med rådata L> ]
Dersom Kumulativ = false, gjev den same tabellen som Frekvenstabell[ <Liste med klassegrenser>, <Liste med rådata L> ]
Dersom Kumulativ = true, gjev ein tabell der første kolonne inneheld dei unike elementa i L og andre kolonne inneheld dei kumulative frekvensane som høyrer til intervallet i første kolonne.
Frekvenstabell[ <Liste med klassegrenser>, <Liste med rådata>, <Bruk tettleik>, <Tettleiksfaktor (valfri)> ]
Gjev ein tabell (som tekst) der første kolonne inneheld intervalla og andre kolonne inneheld frekvensar for den samsvarande Histogram kommandoen.
Frekvenstabell[ <Kumulativ>, <Liste med klassegrenser>, <Liste med rådata>, <Bruk tettleik>, <Tettleiksfaktor (valfri)> ]
Gjev ein tabell (som tekst) der første kolonne inneheld intervalla og andre kolonne inneheld frekvensar for den samsvarande Histogram kommandoen.


Merk: Sjå også kommandoane Frekvens og Histogram.
© 2024 International GeoGebra Institute