Erlang Kommando
Frå GeoGebra Manual
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.
Erlang
Denne artikkelen handlar om ein GeoGebra-kommando.Kommandotypar (Alle kommandoar)
Denne sida har ikkje vorte korrekturlest enno. |
- Erlang[ <Form k>, <Fart λ>, x ]
- Lagar ein sannsynstettleiksfunksjon av Erlangfordelinga med parametrar k, λ.
- Erlang[ <Form k >, <Fart λ>, <Variabelverdi v> ]
- Finn verdien av den kumulative fordelingsfunksjonen til Erlangfordelinga ved v. Det vil seie sannsynet P(X≤v) der X er ein tilfeldig Erlangfordelt stokastisk variabel med parametrar k, λ.
- Erlang[ <Form k>, <Fart λ>, x, <Boolsk Kumulativ> ]
- Dersom "Kumulativ" er true lagar kommandoen ein kumulativ fordelingsfunksjon av Erlangfordelinga, elles lagar han ein sannsynstettleiksfunksjon av Erlangfordelinga.
- Merk: Gjev sannsynet for ein gjeven x-koordinats verdi (eller arealet under Erlangfordelingskurva til venstre for den gjevne x-koordinaten.
CAS-delen