Eksporter som webside

Frå GeoGebra Manual
Versjonen frå 26. mars 2013 kl. 16:06 av Kstige (diskusjon | bidrag)
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


For å lage ei html-fil på datamaskina di må du gå til Fil-menyen, Eksporter, Export-html.png Dynamisk ark som webside (html)... og så velje fana Eksporter som webside i dialogboksen som vert opna.

  • Øvst i eksporteringsvindauge kan du skrive inn tittel, forfattar og dato for det dynamiske arbeidsarket ditt.
  • Under fana Generelt kan du leggje til tekst over og under konstruksjonen (t.d. ei forklaring av konstruksjonen og nokre oppgåver).
  • Under fana Avansert kan du endre funksjonaliteten til den dynamiske konstruksjonen (t.d. kan du leggje til eit gjennopprettingsikon og nettlesarfunksjonalitet) i tillegg til å modifisere brukergrensesnittet i den interaktive appleten (t.d. vise verktøylinja), modifisere høgde og breidde, aktivere lagring, utskrift med meir).
Merk: Dersom storleiken til appleten vert for stor til å passe på ein dataskjerm med standard oppløysing (1024 x 768) kan det vere lurt å endre storleiken før du eksporterer det som eit dynamisk arbeidsark.

Den eksporterte HTML-fila (t.d. sirkel.html) kan verte vist med alle internettlesarar. For at den dynamiske konstruksjonen skal fungere må Java vere innstallert på maskina. Dersom du vil bruke det dynamiske arbeidsarket på nettverket på skulen må du spørre den lokale nettverksadministratoren om Java er innstallert. Pass på at du innstallerar Java-plugin for nettlesaren.

Merk:
  • Du kan redigere teksen i det dynamiske arbeidsarket med mange tekstbehandlingsprogram ved å opne den eksporterte HTML-fila. Du kan også redigere appleten ved å opne GGB-fila i GeoGebra og lagre den med same namnet.
  • Sjå sida Legg inn i CMS, VLE (Moodle) og Wiki for detaljar om korleis du kan eksportere GeoGebra appletar til internettsystem.


Avanserte innstillingar

Funksjonalitet:

  • Tillat høgreklikk, zooming og tastaturredigering: Ved å velje dette kan du høgreklikke på objekt eller i grafikkfeltet for å opne kontekstmenyen (t.d. [[By selecting this feature you will be able to right click objects or the drawing pad in order to access the features of the context menu (e.g. vis eller skjul objekt, sporing av / på, dialogboks for eigenskapar). Det er også mogleg å bruke vanlege tastatursnarvegar.
  • Tillat flytting av namn: Ved å velje dette vert et mogleg å flytte namnet til punkt og andre objekt.
  • Vis knapp for å starte konstruksjonen på nytt: Ein gjennopprettingsknapp vert vist i det øvre høgre hjørnet av den interaktive appleten slik at ein kan velje å starte å gjenopprette heile konstruksjonen.
  • Bruk nettlesar for Javaskript: Javaskript vert aktivert. Dette let nettlesaren din vise konstruksjonen skikkeleg.

Brukargrensesnitt:

  • Vis menylinje: Menylinja vert vist i den interaktive appleten.
  • Tillat lagring og utskrift: Gjer det mogleg å lagre, skrive ut og angre konstruksjonen. Sidan dette let appleten få tilgang til harddisken og skrivarenIt is possible to provide features for saving, printing and undoing the construction. Since this allows the applet to access your hard drive and printer, signerte appletar vert brukt og alle brukarar av appleten vert spurt om han stolar på den.
  • Vis verktøylinje: Verktøylinja vert vist i den interaktive appleten slik at ein kan bruke geometriske verktøy.
  • Vis hjelp for verktøylinja: I kombinasjon med verktøylinja kan du også vise hjelp for verktøylinja. Brukarar kan då sjekke korleis eit verktøy kan verte brukt.
  • Vis inntastingsfeltet: Inntastingsfeltet vert vist nederst i den interaktive appleten og let brukarane skrive inn algebraiske uttrykk og kommandoar.
  • Tillat omskalering: Når dette valet er huka av vil appleten prøve å omskalere konstruksjonen med omsyn til zoominga i nettlesaren. I tillegg vert storleiken på appleten endra. Dette valet vert ignorert dersom fleire oppsett er vist i appleten.
  • Breidde og høgde på den interaktive appleten: Du kan endre breidda og høgda på appleten.
Merk: Dersom du reduserer storleiken på appleten kan det hende at viktige delar av det dynamiske arbeidsarket ikkje vert synlege for brukarane.
Note Hint: Dersom du inkluderer menylinja, verktøylinja og inntastingsfeltet, kan det vere lurt å justere høgda på den interaktive appleten.


Filer:

  • Eksporter berre til HTML 5
  • Fjern linjeskift: Fjernar linjeskift frå den resulterande koden. Dette er nødvendig til dømes når du inkluderer appleten i WordPress, men gjer koden meir rotate og vansklegare og redigere.
  • Fil-nedtrekksmenyen: Du kan velje om du vil lagre som ei HTML-fil eller om du vil eksportere til utklippstavla som HTML, MediaWiki, GoogleGadget eller Moodle. Sjå også sida Legg inn i CMS, VLE (Moodle) og Wiki
Note Hint: Mengda data som er nødvendig for appleten å laste vert betydeleg redusert (400kB istadenfor 1300kB når du bruker geogebra.org kodebase) når følgjande vilkår er oppfylt:
  • berre eit grafikkfelt er i bruk (ikkje rekneark, algebrafelt eller liknande)
  • menylinja, inntastingsfeltet osv. er ikkje med
  • "Bruk nettlesar for Javaskript" er huka av
  • ingen CAS-kommadnoar vert kalla (t.d. f'(x), Integral, Tangent, ReknUt)
Tangent, Expand
© 2024 International GeoGebra Institute