Eksporter dialogboks for grafikkfeltet

Frå GeoGebra Manual
Versjonen frå 1. september 2014 kl. 23:06 av Arve (diskusjon | bidrag) (fjernet unchecked)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


GeoGebra let deg eksportere grafikkfeltet som ei bildefil. Det gjer du ved å gå til Fil-menyen og velje Eksporter og så Image-x-generic.png Grafikkfelt som bilde (png, eps)... eller ved å trykke Ctrl + Shift + P (Mac OS: Cmd + Shift + P). Dette opnar dialogboksen for eksport av bilder.

Denne dialogboksen let deg lage ei bildefil frå grafikkfeltet og lagre fila på datamaskina di eller sende ho til utklippstavla. Du kan velje format, skala, oppløysing og om bildet skal vere gjennomsiktig.

Merk: Dersom du lagar to punkt kalla Export_1 og Export_2 vil desse definere det rektangelet som vert eksportert, elles vil heile den synlege delen av grafikkfeltet verte eksportert.

Du kan eksportere bildet med eit av dei følgjande filformata:

PNG – Portable Network Graphics
Dette er eit punktgrafikkformat. Desto høgare oppløysinga (dpi) er, desto betre vert kvaliteten (300dpi er vanlegvis nok). PNG-filer bør ikkje verte skalert fleire gongar for å unngå tap i kvalitet.
PNG-filer er godt egna til å bruke på websider (html) eller i tekstdokument.
Merk: Når du sett inn ei PNG-fil i eit tekstdokument må du sikre deg at storleiken vert sett til 100 % for å unngå at skaleringa (i cm) vert endra.
EPS – Encapsulated Postscript
Dette er eit vektorgrafikkformat. EPS-filer kan verte skalert uten tap av kvalitet.
EPS-filer er godt egna til å bruke i vektorgrafikkprogram (til dømes Corel Draw og Inkscape) eller i program som brukar til dømes LaTeX.
Oppløysinga til EPS-filer er alltid 72dpi. Denne verdien vert berre brukt til å finne den eigentlege storleiken til bildet i cm og har ingen effekt på bildekvaliteten.
Merk: Det er ikkje mogleg med gjennomsiktige objekt med EPS-formatet.
PDF – Portable Document Format
(sjå EPS-formatet)
Merk: I SVG og PDF kan du eksportere tekst som redigerbar tekst eller form. Då vert teksten lagra som vanleg tekst (som let deg endre teksten i til dømes Inkscape) eller som Bézier-kurver (som garanterer at teksten ser lik ut uansett om den korrekte fonten er installert eller ikkje).
SVG – Scalable Vector Graphic
(sjå EPS-formatet)
EMF – Enhanced Metafile
(sjå EPS-formatet)
© 2024 International GeoGebra Institute