Eksponential Kommando

Frå GeoGebra Manual
Versjonen frå 15. oktober 2012 kl. 18:37 av Kstige (diskusjon | bidrag)
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Eksponential[ <Tal λ>, x ]
Lagar ein sannsynstettleiksfunksjon av eksponentialfordelinga med vekstparameter λ.
Eksponential[ <Tal λ>, <Variabelverdi v> ]
Finn verdien av den kumulative fordelingsfunksjonen til eksponentialfordelinga ved v. Det vil seie sannsynet P(X≤v) der X er ein tilfeldig eksponentialfordelt stokastisk variabel med vekstparameter λ.
Eksponential[ <Tal λ>, x, <Boolsk Kumulativ> ]
Dersom "Kumulativ" er true lagar kommandoen ein kumulativ fordelingsfunksjon av eksponentialfordelinga, elles lagar han ein sannsynstettleiksfunksjon av eksponentialfordelinga.
Merk: Gjev sannsynet for ein gjeven x-koordinats verdi (eller arealet under eksponentialfordelingskurva til venstre for den gjevne x-koordinaten.

CAS-delen

Eksponential[ <Tal λ>, <Variabelverdi v> ]
Finn verdien av den kumulative fordelingsfunksjonen til eksponentialfordelinga ved v. Det vil seie sannsynet P(X≤v) der X er ein tilfeldig eksponentialfordelt stokastisk variabel med vekstparameter λ.
Døme:
Eksponential[2, 1] gjev \frac{e^{2} - 1}{e^{2} } , som er tilnærma lik 0.86.
© 2024 International GeoGebra Institute