Dynamiske fargar

Frå GeoGebra Manual
Versjonen frå 26. april 2013 kl. 10:52 av Arve (diskusjon | bidrag) (korrektur)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


I GeoGebra kan du endre fargen på eit objekt under fana Farge i dialogboksen for eigenskapar. Du kan imidlertid også la fargen til eit objekt verte endra dynamisk. Det gjer du ved å gå til fana Avansert i eigenskapar der du finn seksjonen Dynamiske fargar. Den inneheld tekstboksar for fargekomponentane raud, grøn og blå.

Merk: I kvar av desse tekstboksane kan du skrive inn ein funksjon med verdimengde [0, 1].
Døme:
  • Lag tre glidarar a, b og c med eit intervall frå 0 til 1.
  • Lag ein mangekant der fargen skal avhenge av verdien til dei tre glidarane.
  • Opne Eigenskapar for mangekanten og skriv inn namnet til dei tre glidarane i tekstboksane for kvar av fargekomponentane.
  • Lukk Eigenskapar og endre verdien på glidarane for å sjå korleis dei påverker fargen til mangekanten.
Merk: Du kan også animere glidarane med forskjellig fart for å sjå fargen endre seg automatisk.

Seksjonen for dynamiske fargar inneheld også ein tekstboks for fyllgrad. Der kan du også skrive inn ein funksjon (eller eit tal) med verdimengde [0,1] (der 0 er gjennomsiktig og 1 er 100% ugjennomsiktig). Tal utafor [0,1] vert ignorert.

RGB / HSV / HSL

For nokre dynamisk farge oppførslar kan det vere enklare med ein annan modell. Istadenfor å bruke standard RGB(rød, grøn, blå) kan du velje anten HSV eller HSL(engelsk wikipedia) frå nedtrekksmenyen.

Døme: For å få eit punkt A til å gå gjennom alle fargane i regnboga når du flyttar det mot venstre og høgre bytt til HSV og la Metning og Verdi vere 1, medan Fargetone er x(A).
© 2024 International GeoGebra Institute