Dialogboks for innstillingar

Frå GeoGebra Manual
Versjonen frå 25. april 2013 kl. 22:20 av Arve (diskusjon | bidrag) (korrektur)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Dialogboks for innstillingar finn du ved å gå til Avansert... i Instillingar-menyen eller ved å høgreklikke i grafikkfeltet og velje Grafikkfelt. I menyen øverst kan du velje mellom Utforming, Standardinnstillingar og Avansert i tillegg til innstillingar for grafikkfelt, CAS og rekneark som er aktive. Menyvalet heilt til høgre er det same som dialogboks for eigenskapar.

Eigenskapar

Tek deg til dialogboks for eigenskapar.

Utforming

Let deg plassere inntastingsfeltet, verktøylinja og Side-menyen der du vil ha dei, samt velje kva for av dei som skal verte vist. Du kan også velje om overskriftslinja skal verte vist.

Standardinnstillingar

Her kan du setje standardinnstillingar for ulike typer av objekt. For punkt kan du setje standardinnstillingane for kvar av dei fem typene av punkt. Innstillingane vert sett på same måte som i dialogboks for eigenskapar.

Avansert

  • Vinkelmål: Let deg velje mellom grader og radianar.
  • Type markering av rett vinkel: Let deg velje kva for symbol som skal verte brukt for rette vinklar i grafikkfeltet.
  • Koordinatar: Let deg velje korleis koordinatar skal verte vist.
  • Kontinuitet: Dersom kontinuitet er vil GeoGebra prøve å setje nye kalkulerte punkt nær dei originale.
  • Bruk parametrar for sti og område:
  • Virtuelt tastatur: Du kan velge språk, høgde og breidde for det virtuelle tastaturet.
  • Storleik på avkryssingsboksen: Bytt mellom vanlege og store avkryssingsboksar.
  • Skriftstorleik: Let deg setje skriftstorleiken i menyane.
  • Verktøytips: Du kan velje språk for verktøytips og kor lenge dei skal verte vist.
  • Språk: Du kan bruke siffer og punktnamn spesifisert av språket ditt.
  • Oppsett: Let deg ignorere dokumentoppsett.
  • Diverse: Her kan du aktivere scripting, java-fontar med meir.

Grafikkfelt 1/2

Gjev val for å tilpasse grafikkfeltet: dimensjonar, aksar, farge, linjestil, rutenett med meir. Sjå sida innstillingar for grafikkfeltet for detaljar.

Rekneark

Gjev deg val for å tilpasse reknearket: inntastingsfelt, rutenett, overskrifter, rullefelt med meir.

CAS

Let deg setje ein timeout i sekund for berekningar i CAS-delen.

© 2024 International GeoGebra Institute