Dersom Kommando
Dersom
Denne artikkelen handlar om ein GeoGebra-kommando.Kommandotypar (Alle kommandoar)
Denne sida har ikkje vorte korrekturlest enno. |
- Dersom[ <Vilkår>, <Objekt> ]
Returnerer ein kopi av objektet dersom vilkåret har verdien true, eller returnerer eit udefinert objekt dersom vilkåret har verdien false.
- Dersom[ <Vilkår>, <Objekt a>, <Objekt b> ]
Returnerer ein kopi av objektet a dersom vilkåret har verdien true, eller returnerer objekt b dersom vilkåret har verdien false.
Funksjonar med vilkår
Kommandoen Dersom kan verte brukt til å lage funksjonar med vilkår. Slike funksjonar kan verte brukt som argument i alle kommandoar som tek ein funksjon som argument, til dømes Derivert, Integral og Skjering.
f(x) = Dersom[x < 3 ∧ x>0, x^3]
lagar ein funksjon f(x) lik x3 for x mellom 0 og 3 og udefinert elles.g(x) = Dersom[x < 3, sin(x), x^2]
lagar ein funksjon g(x) lik sin(x) for x < 3 og x2 for x ≥ 3.
Skripting med Dersom
I mange programmeringsspråk har dersom tydninga dersom vilkåret held, gjer noko; dersom ikkje, gjer noko anna. I GeoGebra er derimot argumenta for dersom verdiar, ikkje kommandoar, og resultatet vert ein av desse verdiane. Difor, om du ønskjer å sette verdien av b til 3 dersom a > 2, så må det verte gjort på følgjande måte: b=Dersom[a > 2, 3]
.