CFaktor Kommando

Frå GeoGebra Manual
Versjonen frå 2. september 2014 kl. 00:00 av Arve (diskusjon | bidrag) (fjernet unchecked)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.

Denne kommandoen er tilgjengeleg berre i CAS-delen.


CFaktor[ <Uttrykk> ]
Faktoriserer uttrykket.
Døme:
CFaktor[x^2 + 4] gjev (x + 2 ί) (x - 2 ί), som er faktoriseringa av x2 + 4.
CFaktor[ <Uttrykk>, <Variabel> ]
Faktoriserer eit uttrykk med omsyn på ein gjeven variabel.
Døme:
CFaktor[x^2 - y^2,x] gjev (x + y) (x - y), som er faktoriseringa av x2 - y2 med omsyn på x.
CFaktor[x^2 + y^2,y] gjev (ί x + y) (-ί x + y), som er faktoriseringa av x2 + y2 med omsyn på y.
Merk:
  • I CAS-delen må ί nyttast for den imaginære eininga. For å skrive ί trykker du ALT + i.
  • CFaktor tillet kun uttrykk som let seg faktorisere med rasjonale faktorar. Til dømes vil ikkje x^2-2 la seg faktorisere sidan faktorane (x-\sqrt{2})(x+\sqrt{2}) inneheld irrasjonelle tal.
  • I motsetning til kommandoane Faktorar og Faktoriser tillet CFaktor også komplekse faktorar.
© 2024 International GeoGebra Institute