CAS-delen

Frå GeoGebra Manual
Versjonen frå 18. februar 2013 kl. 12:04 av Kstige (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


I CAS-delen (Computer Algebra System) kan du gjere symbolske berekningar. Visninga er bygd opp av rader, der kvar rad har eit inndatafelt øverst og eit utdatafelt nederst. Du kan bruke inndatafelta i CAS-delen på same måte som det normale inntastingsfeltet, men med følgjande forskjellar:

  • Du kan bruke variabler som ikkje er tildelt nokon verdi, t.d. (a + b) ^ 2 vert evaluert til a^2 + 2 a b + b^2
  • = vert brukt for likningar og := for tildelinger. Dette tyder at a = 2 ikkje vil tildele verdi 2 til a. Sjå delen om tildelinger for detaljar.
  • Multiplikasjon bør merkast tydeleg. I inntastingsfeltet kan du bruke a(b+c), a (b+c) og a*(b+c) for multiplikasjon. I CAS-delen er imidlertid kun mellomrom og * gyldig som multiplikasjon.

Grunnleggjande inntasting

  • Enter: Rekn ut inntasta uttrykk.
  • Alt + Enter: Sjekk inntastauttykk uten å rekne det ut. Til dømes vil b+b forbli b+b(ikkje 2b). Merk at tildelinger, t.d. a:=5, alltid vert rekna ut.
  • På ei tom rad kan du skrive:
    • Mellomrom for forrige resultat.
    • ) for forrige resultat i parentes.
    • = for forrige inntasting.
  • Unngå at resultatet kjem som utdata ved å avslutte uttrykket med et semikolon. Til dømes a := 5;.

Verktøylinja

  • Ved å klikke på eit verktøy på verktøylinja vert gjeldande rad evaluert med det valde verktøyet.
  • Du kan bruke verktøy på valde deler av uttrykk:
    • Skriv inn eit uttrykk.
    • Merk ein del av uttrykket - dette vert gjort ved å halde inne Shift og flytte pekaren med piltastane.
    • Delen av uttrykket som du vil evaluere er no merka med blått.
    • Trykk på verktøyet eller trykk Enter om verktøyet allerede er valt.

Variablar

Tildelinger

  • For å tildele ein verdi vert notasjonen := brukt, t.d. a:=5 , f(n):=2n+3 .
  • For å frigjere eit variabelnamn igjen skriv du Slett[a] eller a:= .
  • Variablar og funksjonar er alltid delt mellom CAS-delen og algebrafeltet dersom det er mogleg. Dersom du definerer b:=5 i CAS-delen, so kan du bruke b i alle delar av GeoGebra. Dersom du har ein funksjon f(x)=x^2 i algebrafeltet, kan du også bruke denne funksjonen i CAS-delen.
Merk:
Utdata/returverdi vil alltid være uttrykket rett etter :=. Til dømes: Dersom du skriv b:=5 vil utdata vere 5 , ikkje b:=5.

.

Referansar

Du kan referere til andre rader i CAS-vinduet på to måtar:

  • Statiske referansar sett inn tekst frå ei anna rad slik at inntastinga din vert endra.
    • # sett inn forrige resultat.
    • #5 sett inn resultatet frå rad 5.
  • Dynamiske referansar bruker tekst frå ei anna rad utan å ende inntastinga di.
    • $ sett inn forrige resultat.
    • $5 sett inn resultatet frå rad 5.

Likningar

  • Likningar vert skrivne ved hjelp av erlik-teiknet, t.d. 3 x+5=7
  • Du kan utføre aritmetiske operasjonar på likningar, t.d. (3x + 5 = 7) - 5 vil trekkje frå 5 på begge sider av likninga. Dette er nyttig når ein vil løyse likninga manuelt.
  • Venstreside[3x + 5 = 7] returnerer 3 x + 5 og Høgreside[3x + 5 = 7] returnerer 7.

Kommandoar og verktøy

Sjå CAS-kommandoar og CAS-verktøy for ei komplett liste over kommandoar og verktøy som er spesielle for CAS-delen.

© 2024 International GeoGebra Institute