BoksPlott Kommando

Frå GeoGebra Manual
Versjonen frå 19. mars 2013 kl. 12:47 av Kstige (diskusjon | bidrag)
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


BoksPlott[ <Tal y-verdi>, <Tal y-skala>, <Liste med tal> ]
Lager eit boksplott ved å bruke lista med tal. Den vertikale posisjonen i koordinatsystemet vert styrt av y-verdi, medan y-skala avgjer høgda langs y-aksen.
Døme: BoksPlott[0, 1, {2, 2, 3, 4, 5, 5, 6, 7, 7, 8, 8, 8, 9}] gjev eit boksplott på "x"-aksen med utstrekning 1 i "y"-retning. Minste verdi er 2, nedre kvartil er 3.5, medianen er 6, øvre kvartil er 8 og høgste verdi er 9.
BoksPlott[ <Tal y-verdi>, <Tal y-skala>, <Liste med tal>, <Boolsk ekstremverdi> ]
Denne varianten av kommandoen let avvik verte plotta som "X"-ar istadet for å verte inkludert i plottet. Avvik er data som ligg under Q1 - 1.5 * IQR eller over Q3 + 1.5 * IQR.
BoksPlott[ <Tal y-verdi>, <Tal y-skala>, <Liste med tal>, <Liste med frekvensar>, <Boolsk ekstremverdi> ]
Plottar data frå ein frekvenstabell som eit boksplott.
BoksPlott[ <Tal y-verdi>, <Tal y-skala>, <Startverdi a>, <Q1>, <Median>, <Q3>, <Sluttverdi b> ]
Lager eit boksplott for dei gjevne statistiske verdiane i intervallet [a, b].
© 2024 International GeoGebra Institute