Bevis Kommando

Frå GeoGebra Manual
Versjonen frå 1. september 2014 kl. 22:56 av Arve (Diskusjon | bidrag) (fjernet unchecked)
(skil) ← Eldre versjon | Versjonen no (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Varsel Varsel: Denne kommandoen er ikkje ferdig konstruert. Syntaksen og returnerte verdiar kan verte endra. Det kan oppstå problem ved bruk av kommandoen.


Bevis[ <Boolsk uttrykk> ]
Returnerer om det gjevne boolske uttrykket generelt er true eller false.
Normalt vil GeoGebra avgjere om boolske uttrykk er sanne ved bruk av numeriske utrekningar. Denne kommandoen vil imidlertid ta i bruk symbolske metodar for å avgjere om uttrykket generelt er true eller false. Dersom GeoGebra ikkje kan avgjere svaret vert udefinert returnert.
Døme:
Vi definerer tre frie punkt A = (1, 2), B = (3, 4) og C = (5, 6). Kommandoen ErKollineær[A, B, C] gjev true sidan ein numerisk test vert brukt på dei noverande koordinatane til punkta. Ved å bruke Bevis[ErKollineær[A, B, C]] får du false sidan dei tre punkta generelt ikkje er kollineære (t.d. dersom du endrar eit av punkta).
Døme:
Definer ein trekant med hjørner A, B and C, og definer D = MidtPunkt[B, C], E = MidtPunkt[A, C], p=Linje[A, B], q=Linje[D, E]. Nå vil både p∥q og Bevis[p∥q] gi true, sidan ei midtlinje til ein trekant alltid vil vere parallell med den aktuelle sida.
Merk: Sjå også kommanden BevisDetaljar, sida om boolske verdiar og forklaringa på dei tekniske detaljane til algoritma (engelsk lenke).
© 2020 International GeoGebra Institute