Vinkel Verktøy

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.

Ved bruk av dette verktøyet kan du lage vinklar på fleire måtar:

  • Trykk på tre punkt for å lage vinkelen mellom punkta. Det andre punktet vert toppunkt i vinkelen.
  • Trykk på to linjer/linjestykke for å lage vinkelen mellom linjene/linjestykka.
  • Trykk på to vektorar for å lage vinkelen mellom dei.
  • Trykk på ein mangekant for å lage alle vinklane på mangekanten.
Merk:
  • Dersom mangekanten vart laga mot klokka vil verktøyet gje deg dei indre vinklane.
  • Dersom mangekanten vart laga med klokka vil verktøyet gje deg dei ytre vinklane.
  • Vinklar vert laga mot klokka (positiv dreieretning). Derfor vil rekkefølgja du vel objekt i vere relevant for dette verktøyet. Dersom du vil begrense vinkelen til 180° brukar du nedtrekksmenyen du finn under fana Basis i dialogboks for eigenskapar for vinkelen.
Merk: Sjå også kommandoen Vinkel.
© 2024 International GeoGebra Institute