Vel Kommando

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Vel[ <Liste L>, <Startposisjon m> ]
Gjev ei ny liste som inneheld alle elementa frå og med posisjon m og ut lista.
Døme: Vel[{2, 4, 3, 7, 4}, 3] gjev {3, 7, 4}.
Vel[ <Tekst>, <Startposisjon m> ]
Gjev ein ny tekst som inneheld alle teikna frå og med posisjon m og ut teksten.
Døme: Vel["GeoGebra", 3] gjev teksten oGebra.
Vel[ <Liste L>, <Tal m>, <Tal n> ]
Gjev ei ny liste som inneheld alle elementa frå og med posisjon m til og med n i L.
Døme: Vel[{2, 4, 3, 7, 4}, 3, 4] gjev {3, 7}.
Vel[ <Tekst>, <Tal m>, <Tal n> ]
Gjev ein ny tekst som inneheld alle teikna frå og med posisjon m til og med n i den opphavlege teksten.
Døme: Vel["GeoGebra", 3, 6] gjev teksten oGeb.

CAS-delen

Vel[ <Liste L>, <Tal m>, <Tal n> ]
Gjev ei ny liste som inneheld alle elementa frå og med posisjon m til og med n i L. Lista kan også innehalde udefinerte variablar.
Døme: Vel[{1, 2, a, 4, 5}, 2, 4] gjev {2, a, 4}.
© 2020 International GeoGebra Institute