Union Kommando

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Union[ <Liste L1>, <Liste L2> ]
Gjev ei ny liste som inneheld alle elementa frå L1 og L2. I den nye lista opptrer kvart element berre ein gong.
Døme: La L1 = {1, 2, 3, 4, 5} og L2 = {2, 4, 6}. Union[L1, L2] gjev då lista {1, 2, 3, 4, 5, 6}.
Merk: Sjå også kommandoen Snitt.
Union[ <Mangekant m1>, <Mangekant m2> ]
Finn unionen av dei to mangekantane. Unionen er ein ny mangekant definert av området avgrensa av m1 og m2.
Merk: Kommandoen kan berre verte brukt når korkje m1 eller m2 kryssar seg sjølv og når unionen er ein enkel mangekant.
Merk: Sjå også kommandoen Overlapp.
© 2024 International GeoGebra Institute