Toppunkt Kommando

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Toppunkt[ <Kjeglesnitt> ]
Finn alle "toppunkta" til kjeglesnittet.
  • For ein sirkel er det punkta med høgast og lågast x- og y-verdi; altså 4 punkt
  • For ei ellipse er det skjeringspunkta mellom aksane (den store og den vesle) og ellipsa; altså 4 punkt
  • For ein parabel er det toppunktet eller bunnpunktet; altså 1 punkt
  • For ein hyperbel er det vendepunkta, altså 2 punkt
Toppunkt[ <Ulikskap> ]
Gjev alle skjeringspunkta mellom grensene til ulikskapane
Døme:
  • Toppunkt[(x + y < 3) && (x - y > 1)] gjev punktet (2,1)
  • {Toppunkt[(x + y < 3) ∧ (x - y > 1) && (y>-2)]} gjev lista {(2, 1), (5, -2), (-1, -2)}
  • Toppunkt[(y > x²) ∧ (y < x)] gjev dei to punkta (0, 0) og (1, 1)
  • {Toppunkt[(y > x²) ∧ (y < x)]} gjev lista {(0, 0), (1, 1)}.
Toppunkt[ <Mangekant> ]
Finn alle hjørna til mangekanten.
Toppunkt[ <Mangekant>, <Tal n> ]
Finn hjørne nummer n i mangekanten.
Merk: For å få resultatet som ei liste er det berre å skrive krøllparantesar { } rundt kommandoen: {Toppunkt[mangekant1]}
© 2021 International GeoGebra Institute