TabellTekst Kommando

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


TabellTekst[ <Liste>, <Liste>, ... ]
Lagar ein tekst som inneheld ein tabell med elementa i listene.
Merk: Som standard vert kvar ny liste til ein rad i tabellen og alle element vert venstrejusterte.
Døme:
  • TabellTekst[{x^2, 4}, {x^3, 8}, {x^4, 16}] lagar ein tabell som eit tekstobjekt. Tabellen har tre rader og to kolonnar og inneheld venstrejusterte element.
  • TabellTekst[Følgje[i^2, i, 1, 10]] lagar ein tabell med ei rad som eit tekstobjekt. Alle elementa er venstrejusterte.
TabellTekst[ <Liste>, <Liste>, ..., <Justering av tekst> ]
Lagar ein tekst som inneheld ein tabell med elementa i listene. Justering av tekst avgjer orientering og justering av tabellteksten.
Merk: Moglege verdiar er: "vl", "vc", "vr", "v", "h", "hl", "hc", "hr". Som standard vert "hl" brukt.
  • "v" = vertikal orientering, det vil seie at listene vert kolonnar
  • "h" = horisontal orientering, det vil seie at listene vert rader
  • "l" = venstrejustering av element
  • "r" = høgrejustering av element
  • "c" = sentrering av element
Døme:
  • TabellTekst[{1,2,3,4},{1,4,9,16},"v"] gjev ein tabell med to kolonnar og fire rader, der elementa er venstrejusterte.
  • TabellTekst[{1,2,3,4},{1,4,9,16},"h"] gjev ein tabell med fire kolonnar og to rader, der elementa er venstrejusterte.
  • TabellTekst[{11.2,123.1,32423.9,"234.0"},"vr"] gjev ein tabell med ei rad, der elementa er høgrejusterte.
Merk: For å lage klammer rundt tabellteksten skriv du "||||", "||", "{}", "[]" eller "()" inn i "Justering av tekst". Horisontale linjer vert spesifisert med "_" og vertikale linjer med "|".
Døme:
  • TabellTekst[{{1,2},{3,4}},"c()"]
  • TabellTekst[{{1,2},{3,4}},"c|_"]
  • TabellTekst[{{1,2},{3,4}},"c||"]
  • TabellTekst[{{1,2},{3,4}},"c||||"].
© 2024 International GeoGebra Institute