TTest2 Kommando

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


TTest2[ <Liste med utvalsdata 1>, <Liste med utvalsdata 2>, <Hale>, <Boolsk gruppert> ]
Gjer ein to-utvals T-test av differansen mellom to populasjonsgjennomsnitt ved å bruke dei gjevne listene med utvalsdata.
Dersom Boolsk gruppert = true, vert det lagt til grunn at variansen til populasjonane er lik og standardavvika til utvala vert kombinert i berekninga.
Dersom Boolsk gruppert =false, vert det ikkje lagt til grunn at variansen til populasjonane er lik og standardavvika til utvala vert ikkje kombinert i berekninga.
Hale kan ha følgjande verdiar
  • < betyr: differanse i populasjonsgjennomsnitt < 0
  • > betyr: differanse i populasjonsgjennomsnitt > 0
  • betyr: differanse i populasjonsgjennomsnitt ≠ 0
Resultatet vert gjeve som ei liste på forma {sannsynsverdi, T-test statistikkverdi}.
TTest2[ <Utvalsgjennomsnitt 1>, <Standardavvik 1>, <Uvalsstorleik 1>, <Utvalsgjennomsnitt 2>, <Standardavvik 2>, <Utvalsstorleik 2>, <Hale>, <Boolsk gruppert> ]
Gjer ein to-utvals T-test av differansen mellom to populasjonsgjennomsnitt ved å bruke dei gjevne utvalsgjennomsnitta, standardavvika og utvalsstorleikane.
Dersom Boolsk gruppert = true, vert det lagt til grunn at variansen til populasjonane er lik og standardavvika til utvala vert kombinert i berekninga.
Dersom Boolsk gruppert =false, vert det ikkje lagt til grunn at variansen til populasjonane er lik og standardavvika til utvala vert ikkje kombinert i berekninga.
Hale kan ha følgjande verdiar
  • < betyr: differanse i populasjonsgjennomsnitt < 0
  • > betyr: differanse i populasjonsgjennomsnitt > 0
  • betyr: differanse i populasjonsgjennomsnitt ≠ 0
Resultatet vert gjeve som ei liste på forma {sannsynsverdi, T-test statistikkverdi}.
Merk: Sjå også kommandoane TTest og TTestPara.
© 2021 International GeoGebra Institute