TGjennomsnitt2Estimat Kommando

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


TGjennomsnitt2Estimat[ <Liste med utvalsdata 1>, <Liste med utvalsdata 2>, <Nivå>, <Boolsk gruppert> ]
Finn eit T-konfidensintervallestimat for differansen mellom to populasjonsgjennomsnitt ved å bruke dei to gjevne listene med utvalsdata og det gjevne konfidensnivået.
  • Dersom Boolsk gruppert = true, vert det lagt til grunn at variansen til populasjonane er lik og standardavvika til utvala vert kombinert i berekninga.
  • Dersom Boolsk gruppert =false, vert det ikkje lagt til grunn at variansen til populasjonane er lik og standardavvika til utvala vert ikkje kombinert i berekninga.
Resultatet vert gjeve som ei liste på forma {nedre konfidensgrense, øvre konfidensgrense}.
TGjennomsnitt2Estimat[ <Utvalsgjennomsnitt 1>, <Utvals-standardavvik 1>, <Utvalsstorsleik 1>, <Utvalsgjennomsnitt 2>, <Utvals-standardavvik 2>, <Utvalsstorleik 2>, <Nivå>, <Boolsk gruppert> ]
Finn eit T-konfidensintervallestimat for differansen mellom to populasjonsgjennomsnitt ved å bruke dei gjevne utvalsgjennomsnitta, standardavvika, utvalsstorleikane og det gjevne konfidensnivået.
  • Dersom Boolsk gruppert = true, vert det lagt til grunn at variansen til populasjonane er lik og standardavvika til utvala vert kombinert i berekninga.
  • Dersom Boolsk gruppert =false, vert det ikkje lagt til grunn at variansen til populasjonane er lik og standardavvika til utvala vert ikkje kombinert i berekninga.
Resultatet vert gjeve som ei liste på forma {nedre konfidensgrense, øvre konfidensgrense}.
Merk: Sjå også kommandoen TGjennomsnittEstimat.
© 2021 International GeoGebra Institute