StandardavvikX Kommando

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


StandardavvikX[ <Liste med punkt> ]
Finn standardavviket til x-koordinatane til punkta i lista.
Døme: StandardavvikX[(1, 2), (2, 4), (3, 6)] gjev 0.82.
Merk:
  • Sjå også kommandoen UtvalStandardavvikX. Denne vert brukt for å finne standardavviket når ein berre har eit utval av data frå ein populasjon, medan standardavvik kommandoen nyttast når ein har data frå heile populasjonen. Jo fleire element det er i lista, desto meir likt blir resultatet for desse to kommandoane. Grunnen til dette er at det einaste som skil dei to statistiske storleikane er at utvalsstandardavviket har N - 1 i nemnaren, medan standardavviket har N, der N er talet på element i lista.
  • Sjå også kommandoane GjennomsnittX, Standardavvik og StandardavvikY.
© 2020 International GeoGebra Institute