Produkt Kommando

Frå GeoGebra Manual
Gå til: navigering, søk
Accessories dictionary.png
Denne sida er ein del av den offisielle manualen for utskrift og pdf. Vanlege brukarar kan ikkje redigere slike sider. Ver vennleg og ta kontakt med oss dersom du finn feil på denne sida.Gå til versjonen som kan redigerast av brukarane.


Produkt[ <Liste med tal> ]
Finn produktet av tala i lista.
Døme:
Produkt[{1, 2, 3, 4}] gjev 24.
Produkt[ <Liste med tal>, <Tal n> ]
Finn produktet av dei "n" første tala i lista.
Døme:
Produkt[{1, 2, 3, 4}, 3] gjev 6.
Produkt[ <Liste med tal L >, <Liste med frekvensar F> ]
Finn produktet av tala i L når talet på kvart element i L er gjeve av det samsvarande elementet i F.
Døme:
Produkt[ {3, 2, 5, 4}, {2, 3, 5, 2} ] gjev 3600000
Merk: Listene må ha same lengde.


CAS-delen

I CAS-delen er berre følgjande syntaks lovleg:

Produkt[ <Liste med uttrykk> ]
Finn produktet av elementa i lista.
Døme:
Produkt[{1, 2, x}] gjev 2x.
Produkt[ <Uttrykk>, <Variabel>, <Tal a>, <Tal b> ]
Finn produktet av uttrykka ein får ved å erstatte den gjevne variabelen med alle heiltal i intervallet [a,b].
Døme:
Produkt[x + 1, x, 2, 3] gjev 12.
© 2020 International GeoGebra Institute